Direktoratet for aldersstadfesting ✓
Frå og med i dag må alle brukarar stadfesta alderen sin før dei kan bruka Fjesboki. Det gjeld deg òg, sjølv om du er 47.
Særleg om du er 47.
2 341 likar · kommentarfeltet er stengt til alderen din er stadfesta

Solveig
Endeleg litt sol! Her er blomekassa eg snikra i går. 🌱
Biletet er skjult til alderen din er stadfesta.
Blomekasser kan innehalda innhald som ikkje er eigna for alle aldersgrupper.
Per Inge
Nokon som veit kvifor eg må skanna passet mitt for å sjå bilete av blomekassa til Solveig?
Direktoratet for aldersstadfesting ✓
Svar til Per Inge: fordi me ikkje veit at du ikkje er tolv år gammal.
Per Inge
Eg er seksti-tre.
Direktoratet for aldersstadfesting ✓
Det er akkurat det ein tolvåring ville sagt.
Aldersstadfesting
For å sjå resten av Fjesboki må du stadfesta at du er over aldersgrensa.
Last opp legitimasjon Eg er over 15 år, eg lovar