Vilkår for bruk
Sist endra: . Ved å lesa vilkåra godtek du dei.
- § 1. Du må vera over aldersgrensa for å bruka Fjesboki.
- § 2. Aldersgrensa er den til kvar tid gjeldande.
- § 3. Du må stadfesta § 1 på nytt kvar gong § 2 endrar seg.
- § 4. Ei stadfesting gjeld ikkje som stadfesting.
- § 5. Fjesboki lagrar ingenting om deg. Dette er ikkje ei innrømming, og kan ikkje påberopast i sak etter § 3.
Vilkåra er skrivne på nynorsk. Ved motstrid går den nynorske teksten framfor den nynorske teksten.