Steg 6 av ∞
Saksnummer FJB-2026-000001
Fjesboki · Aldersstadfesting
Søknaden din er motteken
- Saksnummer
- FJB-2026-000001
- Status
- Under handsaming
- Handsamingstid
- 6–8 veker
- Svar blir sendt til
- ei e-postadresse du ikkje har oppgjeve
- Dokument mottekne
- ingen
Fjesboki har ikkje teke imot ein einaste fil frå deg. Det er ikkje ein feil i saksbehandlinga. Det er heile vevsida.
Du kom hit fordi du ville sjå eit bilete av ei blomekasse. Undervegs leverte du — eller skulle ha levert — pass, ansiktsbilete, legitimasjonen til dei føresette dine, to vitne og ein fødselsattest med apostille. Ingen av delane handla om deg. Alle saman handla om at vevsida ikkje visste kven du var, og ikkje fekk lov til å la det liggja.
Les kvifor denne vevsida finst
Tilbake til Fjesboki — der du framleis ikkje slepp inn.